Hausten er komen. Det styrt regnar ute og kveldane er mørkare.
Eg ser mangen er begynt å sy varmare klede. Sommaren vart så brått over at eg har nesten ikkje fått med meg årstid skiftet....
Eg har sydd lite i det siste, men noko har det blitt.
Ein fleece jakke / genser til minste skatten her heime.
Den er i pudder rosa fleece frå S&S og heilforet med chenille som også er frå S&S. Kantet heitta med vinter frotte fra Sydilla.
Sydd på ei løve til stor begeistring for eigaren av jakka!
Str.86
Ei linbukse, posebukse. Med strikk linninger både oppe og nede. Desse er tredd i løpeganger. Buksa sit veldigt fint på då. Denne er sydd på bestilling. Tåkeblå linstoff fra S&S.
Eit sett med tunika og bukse. Herlige haustfargar. Lilla chenille frå S&S og ein jersey eg også har kjøpt der.
Applikert på ein blom som tek att fargane i settet.
Dette er eit glad sett til bruk for små rampete prinsesser.
Det er str. 86 og er til salgs for 375,- dersom du er interessert :)